Lov om borettslag (utdrag)

1. GRUNNLAG FOR BRUKSOVERLATING

Informasjon om borettslagslovens regler om overlating av bruk:

§ 5-3.
 Overlating av bruken  
       Eigaren kan ikkje utan samtykke frå styret overlate bruken av bustaden til andre ut over det som følgjer av §§ 5-4 til 5-6.  

§ 5-4.
 Overlating av bruken når eigaren sjølv bur i bustaden  
       Ein eigar som sjølv bur i bustaden, kan overlate bruken av delar av bustaden til andre.  

§ 5-5.
 Overlating av bruken for opp til tre år  
       Med godkjenning frå styret kan eigaren overlate bruken av heile bustaden til andre for opp til tre år dersom eigaren sjølv eller ein person som nemnt i § 5-6 første ledd nr. 3, har butt i bustaden i minst eitt av dei to siste åra. Godkjenning kan berre nektast dersom brukarens forhold gir sakleg grunn til det. Godkjenning kan nektast dersom brukaren ikkje kunne blitt eigar.  

§ 5-6.
 Overlating av bruken med særleg grunn  
(1) Eigaren kan elles med godkjenning frå styret overlate bruken av heile bustaden dersom
      1.
eigaren er ein juridisk person, eller 
      2. eigaren skal vere borte mellombels som følgje av arbeid, utdanning, militærteneste, sjukdom eller andre tungtvegande grunnar, eller 
      3. ein medlem av brukarhusstanden er eigarens ektemake eller slektning i rett opp- eller nedstigande linje eller fosterbarn av eigaren eller ektemaken, eller 
      4. det gjeld bruksrett som nokon har krav på etter ekteskapsloven § 68 eller husstandsfellesskapsloven § 3 andre ledd.
(2)
Godkjenning kan berre nektast dersom brukarens forhold gir sakleg grunn til det. I tilfelle som nemnt i første ledd, kan godkjenning nektast dersom brukaren ikkje kunne blitt eigar, jf. § 4-4.

§ 5-7.
 Søknad om godkjenning  
       Har laget ikkje sendt svar på ein skriftleg søknad om godkjenning av brukar innan ein månad etter at søknaden er komen fram til laget, skal brukaren reknast som godkjend.  

§ 5-8. 
Eigarens ansvar  
(1) Overlating av bruken minkar ikkje eigarens plikter i forhold til laget.  
(2) Eigar som er juridisk person, skal peike ut ein fullmektig som kan ta imot meldingar frå laget om bruken av bustaden.  
Fullmektigen skal vere ein fysisk person. Laget kan krevje skriftleg svar innan ti dagar dersom det har vendt seg.
(3) Fysisk eigar skal halde styret orientert om kvar ein kan få tak i han, så lenge eigaren har overlate bruken av bustaden til andre.

 

Boligbyggelaget Usbl 
Arbeidersamfunnets plass 1
Postboks 8944 Youngstorget
0028 Oslo


Ansvarlig redaktør: Liv Ulveseth

Tlf: 08725
Faks: 22 98 38 01
E-post: usbl@usbl.no
Autorisert regnskapsførerselskap NO 950 285 680 MVA

Logg inn /